游客在云南大理因口角引发打架 两名涉事者已被行拘
![]() |

Ein elektrisk krins er sett saman av fleire passive og/eller aktive elektriske komponentar, kopla saman ved hjelp av elektriske leiarar slik at ein elektrisk straum kan flyte gjennom krinsen n?r han vert kopla til ei spenning- eller straumkjelde. Passive komponentar er komponentar som ikkje tilf?rer energi til krinsen, som motstandar, spolar, kondensatorar, osb. Aktive komponentar er komponentar som kan tilf?ra energi til krinsen, som til d?mes transistorar.
Passive krinsar
[endre | endre wikiteksten]
Ein passiv krins er ein krins som har berre passive komponentar. Passive komponentar tilf?rer ikkje energi til krinsen, men motstandar absorberer energi, som dei omformar til termisk energi. Reaktive passive komponentar, som spolar og kondensatorar lagrar energi, som dei s? kan avgje til krinsen. Spolar lagrar energi i eit magnetisk felt og kondensatorar lagrar energi i eit elektrisk felt. Andre passive komponentar er transformatorar og diodar, brytarar, kontaktar, og s? bortetter.
Passive krinsar er berre nyttige n?r dei vert kopla til spennings- eller straumkjelder, eller n?r dei inng?r som ein del av ein annan krins. Typiske d?me p? passive krinsar er passive filter, som til d?mes delefilteret i ein h?gtalar, likerettarar i energiforsyningsmodular og s? vidare.
Aktive krinsar
[endre | endre wikiteksten]
Aktive krinsar einneheld ein eller fleire aktive komponentar, som kan tilf?ra krinsen energi, henta fr? ei eller anna form for energiforsynig. Transistorar, operasjonsforsterkarar og tyristorar er d?me p? aktive komponentar. Forsterkarar, motorstyringar og mikroprosessorar er typiske d?me p? aktive krinsar.
Ein skil ofte mellom analog og digital elektronikk, men b?de analoge og digitale krinsar er i r?ynda analoge, p? det viset at spenningar og straumar i krinsen varierer kontinuerleg. Det som skil dei er at i samband med digitale krinsar er ein berre interessert i om inn- og utgansspenningane ligg innanfor éit av to f?rehandsdefinerte interval.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Balabanian, N. og Bickart, T.A., Electrical network theory, John-Wiley & Sons, 1969.
- Bonebreak, R.L, Practical techniques of electonic circuit design, Jogn Wiley & Sons, 1982.
- Carter, G.W. og Richardson, A., Techniques of circuit analysis, Cambridge Univ. Press, 1972.
- Cirlian, P.M., Analysis and design of electronic circuits, McGrew-Hill, 1965.
- Sentura, S.D. og Wedlock, B.D., Electrinic circuits and applications, John Wiley & Sons, 1975.
- Tse, C.K., Linear circuit analysis, Addison-Wesley, 1998.